Kristiansandsturen Etter at eg selde Camaroen tidlegare i haust blei det
fryktelig tomt og trist i garasja. Eg hadde ein plan om å vente
til neste år med å kjøpe ny bil, bruke god tid til å leite.
Kansje vente på ein ny usatur, og bruke vinteren til
å overhale eller bygge ein litt sprek motor e.l. Det viste seg å bli
umulig. Det gikk berre dagar før lysta på ny bil blei for
stor. Eg hadde eit par bilar i tankane då eg selde Camaroen og
eigarane blei kontakta, men ingen av desse bilane blei aktuelle enten
på grunn av pris eller at dei nettopp hadde fått ny eigar.
Det var då bilen som far min kjøpte ny i 1972 begynte å murre
i tankane mine. Eg visste at den var i Kristiansandområdet for
nokre år sidan, og ein telefon til Biltilsynet bekrefta at siste
registrerte eigar var i Kristiansand. Etter litt telefonering avtalte
eg å komme ned å sjå på bilen og eventuelt finne
ein måte og frakte den. Litt meir om bilen: Som sagt kjøpte far min den ny i Pennsylvania, og den blei registrert første gong i Norge i Mai 1972. Det er ein av 5333 stk. 1972 Chevrolet Chevelle SS 454. Den var originalt blå (Ascot blue) med svarte SS striper, svart vinyltak og kvitt interiør. Ellers har den bl.a. bucket seats, th-400 automat, Cowl Induction og Luggage Carrier (Bagasjegrind på bagasjeromsluka). Vi såg fort at karosseriet og lakken var veldig bra. Bilen er heilt rustfri, kromen er fin, alle lister er veldig bra og vinyltaket er feilfritt so det var berre å betale og sette fart heimover. Hjula var ikkje heilt runde til å begynne med og motoren fuska og smalt litt i eksosen første 20 mila, men den blei bedre og bedre etter kvart. Litt tyste var den sjølvsagt etter å ha stått i over 15 år uten en dråpe, så det blei en del stopp nordover. Vi sjekka også motor og gearolje ved kvart stopp. Sidan vi måtte stå opp klokka 4 om morgonen for å rekke flyet sørover var vi ikkje i stand til å kjøre heilt heimigjen utan overnatting. Hafjell blei ca midtveis og då var klokka 22 so det passa bra. Der var det forresten slaps i vegkanten og parkeringsplassen var nærmast kvit. Vi var litt spent på om det var kvitt når vi stod opp igjen men heldigvis hadde det snutt heilt om om natta og det var heilt grønt. Chevella starta på første omdreininga og turen opp Gudbrandsdalen og over Strynfjellet gikk som en drøm. Eg hadde grua meg ein god del til denne turen, men eg må seie at det gikk over all forventning. Med slakk styresnekke og slakk i styrekuler er bilen på ingen måte ein drøm å kjøre men Kenneth fiksa det fint, han smilte i allefall heile turen. Det var godt å opne garasjedøra heime og få inn bilen etter ein sopass lang tur, og ikkje minst få brukt all den ledige plassen. No har eg å kose meg med heile vinteren, for det er mykje som skal gjerast. Først og fremst få bilen i god teknisk stand, montere nytt 3" eksosanlegg, deretter bytte teppe, dørtrekk og setetrekk, og til slutt lakke den oppigjen i den originale blåfargen (Mulsanne blue). Om nokon veit om originale felgar til salgs til denne bilen (samme som 70-talls Camaro Z/28) er det berre å ringe. Eg har allereide bytta til HEI fordeler med nye pluggar og plugghetter, og satt på ny forgassar. I vekene framover blir det mykje tid i garasja, og deler for å få den registrert er allereide bestillt. EU kontrollen viste bl.a at diverse komponentar i forstillinga og eit par bremseslangar var defekt. Eg var fornøgd med kor lite som var gale når ein veit kor lenge bilen har stått.
|
Bilen såg bra ut for å ha stått so lenge.
Ein liten inspeksjon før heimreise
Kenneth kosa seg sjølv om bilen oppførte seg litt rart dei første mila
Tøfft med Cowl Induction
Første tankinga. Det blei noken på dei 90 mila heimigjen ja...
Vi stoppa på Strynefjellet for å ta litt bilder...
Bilen gikk finare og finare etterkvart som vi nærma oss Volda
Her har vi stoppa mellom Strynefjellstunellane
Fin bil i vakker natur!
Været var ikkje det beste, ganske typisk for dette området.
12.11.05