Interiøret

Medan eg venta på å få skilta (Dei somla veldig på biltilsynet p.g.a. ferie o.a. og eg fikk ikkje skilta før i august) gikk eg laus på interiøret. Det raude teppet i gulvet irriterte meg veldig og eg tenkte det var best å få skifta det før eg blei vant med det. Eg og André reiv ut seter, teppe og gammal isolasjon på eit par timar, og dørken som kom til syne var heldigvis heilt strøken, Ikkje ein rustflekk å sjå. Etter at eg hadde vaska reint og behandla mykje av dørken med Owatrol la eg ny lydisolasjon i torpedoveggen og gulvet. På torpedoveggen og over gearkassa la eg Dynamat Extreme som skal være veldig lyddempande og i resten av gulvet la eg asfaltmatter. Oppå dette la eg filt før eg til slutt la på nytt svart teppe. Når eg likavel hadde ute bakseta tok eg av nedre del av sidetrekka slik at eg fikk smøre oppigjen skinner og trinser til sveivemekanisma for bakvindua og i tillegg tectylere i bakskjermen. Nye baksetetrekk hadde eg også liggande så desse blei bytta. Eg har aldri bytta trekk på bakseter før så eg var litt spent på kor det skulle gå, men det blei i grunn veldig bra. Berre ein har rette verktøyet, og tek seg god tid, går det greit. Eg har også nye trekk til framstolane men her er fjørene og porolonen so dårlig at eg må bytte det også, derfor må det vente til vinteren. André hjelpte meg også med å sett inn igjen alt sammen og vi rakk akkurat Cruisinga 2. august, eg trur vi var på plass i åtte-ni tida om kvelden.


André hjelpte meg med å ta ut seter og det flotte teppet...


nesten synd å kaste det... NOT!


Vi lurte litt på kva den dingsen i midten er, det er visst noke bensinrensegreier.


Her har eg fått på Dynamat lydisolering på torpedoveggen.


Slik såg det ut før eg la på teppet


Baksetet ferdig oppigjentrekt.


Og slik blei det ferdige resultatet bak i bilen.

 


28.09.06