Ferdig med første etappe

Endelig er eg ferdig med første etappe. Eg manglar fremdeles skilt, men det er tett før. Eg var på biltilsynet på fredag for etterkontroll og dei fann to manglar. Den eine var ein laus skrue og den andre var oljelakkasje frå styresnekka. Den lause skruen var ei enkel affære og eg håpar oljelekkasja ikkje er so vrien heller. Eg har prøvd bilen med prøveskilt og den fungerer ok, men eindel justeringar må til, bl.a. tek eksosanlegget i bensintanken og lagar eit fryktelig bråk inne i bilen av og til. Forstillinga må også justerast slik at den går heilt beint, men alt dette er berre bagatellar i forhold til gleda med å kjøre bil igjen...

 


03.07.06