Originale SS Felgar

Etter annonsering og mykje leiting har eg endelig fått felgane i hus. Det begynte med at eg leita etter hjul i annonser og blad, men fann ingen som var veldig interessante. Etter at eg hadde ei annonse i Amcar ordna det seg og fleire ringte med felgar i alle tilstandar og prisar. Felgane som er originale på 71 og 72 Chevelle SS er dei samme som på 70-81 Camaro Z/28 og dei eg endte opp med har stått på ein '81 Camaro Z/28 der eigaren heller ville ha nyare alufelgar. På Camaro (Utanom 70-73 mod) er desse felgane lakka i samme farge som bilen, og heldigvis var bilen som disse stod på koksgrå, ein farge som liknar på den fargen eg skal ha.


Fargen liknar på den som er originalt


Med nye BF Goodrich blir det sikkert bra!

 


23.06.06