Bakaksel Del VI

Det har gått tre veker sida siste oppdatering, men eg har desverre lite nytt å kome med. Eg har vore i garasja mykje, men det som er blitt gjort er ting som ikkje viser så godt. Kenneth har også vore her fleire kveldar, og vi har fjerna tectyl, slipt, pussa og mala under bilen. Der det var rust har vi slipt til metallet, og andre plassar var det berre å fjerne gammal tectyl og vi kom inn på fin originallakk. Eg håpar å bli ferdig å male i løpet av ei veke og at bakaselen er på plass i løpet av første veka i mai.


Kenneth sliper overflatrust på ramma.

Etter fjerning av tectyl
Slik såg det ut etter at vi fjerna tectyl i hjulhusa. Veldig bra etter 34 år.

Etter sliping
Rundt fjørfesta på ramma var det litt overflaterust, men det blei fint etter litt sliping.
Etter sliping

 


23.04.06