Bakaksel Del V

Greit å ha kameratar med utstyret i orden. Kenneth tok mandagskvelden med seg eit måleur for å måle slark mellom kronhjul og piniong. Vi gjorde først reint inni huset ved å spyle med parafin. Det var Lars på Sarpsborg Motor som tipsa meg om at det var lurt å spyle reint rundt piniongen, og dette er eg glad eg gjorde for det var mykje metallspon som kom ut. Mens bakaselen rann tom skrudde vi kronhjulet fast i carrieren. Då hadde desverre Kenneth brukt opp si tilmålte tid og det passa veldig bra at Sverre Ola Rotevatn dukka opp. Han har nettopp gjort samme jobben på sin '70 Pontiac Firebird. Vi prøvde først å montere med dei shimsa som var der originalt, men det blei litt trangt. Vi tok av ein tidels millimeter og då var det passelig press på lagera, men den stod ca 2 tidels mm feil. Etter å ha tatt opp og satt den i 5-6 ganger satt den som eit skudd. Vi hadde då 22 hundredeler "slark". Vi sjekka det med farge på tennene etterpå, og avtrykket var heilt etter boka.


Jobben eg hadde grudd meg mest til er gjort, deilig!


Avtrykket etter at vi var ferdige.

 


05.04.06