Bakaksel Del IV

Søndag var Kjetil Olsen her og henta bremseskjold, bærearmar, trommlar pluss diverse småtteri for sandblåsing. Tirsdag fikk eg delane tilbake og dei var som nye. Det er kjekt å restaurere når delane blir so bra. Eg behandla dei først med Owatrol, deretter dro eg til Ørsta med dei der Stian Juliebø hjelpte meg med å presse inn nye Polyurethan foringar og nye lager på diffen. Når det var gjort malte eg eit strøk med Arkanol før eg avsluttar med eit strøk silkematt Bengalakk. Då ser dei nye ut.


Delane nettopp komt igjen frå sandblåsing. Dei ser nye ut.


Her er to av kontrollarmane mala med Arkanol, etter at Stian Julibø pressa
inn nye foringar. Det blir fint!


Trommlane er også mala med arkanol, blanda sølv og svart.


Delane henger til tork over alt i garasja.

 


05.04.06