Bakaksel Del II

Den forbanna kulda vi har hatt i det siste har gjort noke med arbeidlysta mi. 10-15 minus er alt for kaldt og derfor har lite blitt gjort i det siste. Men no er tempen rundt nullen igjen og då er det igjen kjekt å dra ut i garasja. Eg hadde først tenkt å sandblåse bakakselen, men det blei til at eg slipte den med drill. Den blei stort sett heilt blank og med eit par strøk Owatrol trur eg ikkje den rustar igjen. Etter at Owatrolen hadde torka eit par dagar hadde eg i dag på eit strøk med svart Arcanol. Eg regnar med å male den med eit par strøk silkematt Bengalakk etter at eg har montert inn sperre. På bilda ser du dei rusta bremseskjolda, men dei skal sandblåsast og malast etter at stikkakslingane er tatt ut.


Her er bakakselen ferdig slipt.


Her er den halvveis måla...


Og her er den ferdig måla med Arcanol. Eg skal ha på Bengalakk seinare.


21.03.06