Motor del III

No er endelig motoren på plass og fronten montert. 2. September samla eg ein gjeng, Rune, André og Stig, for å prøve å få montert inn motor og gear. Vi skrudde motor og gearkasse saman før vi monterte det i bilen. Det tok nokre timar, men vi hadde heldigvis ingen store problem og ut på kvelden var motor og gear på plass. Sjølv om motoren er på plass er det mykje arbeid som gjenstår før ein kan start opp. Det elektriske skal på plass, eksos, forgassar, slangar til bensin og kjølevatn, servopumpe, dynamo, reimhjul, fordelar, pluggledningar m.m. Alt dette tek tid, og det tok ca tre veker før eg var klar til oppstart. Eit par dagar før vi skulle starter opp blei eg kontakta av ein frå dokfilm på Høgskulen, han lurte på om dei kunne lage ein dokumentar om meg og bilen min. Dei er to stk som skal lage filmen i lag. Dei kom første gong når vi skulle starte opp og har vore her jamnt sida. Motoren starta lett berre den fikk litt bensin intravenøst. Vi kinna ganske lenge utan at det kom bensin til forgassaren, men med ein liten dram i forgassaren starta den som eit skudd, og når bensinpumpa fikk litt meir fart var heller ikkje bensintilførselen noko problem. Gleda var imidlertid kortvarig. Etter nokre minutt fikk motoren ein stygg lyd, det hørtest nesten ut som kastanjettar, og det er ikkje ein god lyd i ein nybygd bensindriven Chevy Big Block, kanskje i ein 70-talls Mercedes diesel... Det endte heldigvis godt og motoren maler no som ei klokke (eller noke sånt!).


Løftebukken var godkjent for kun 350 kg so eg var litt nervøs. En big block med th400 girkasse veger nok litt meir ja...


Headersane var montert på eksosanlegget når vi løfta inn motoren, det var ei tabbe og førte med seg ein del ekstra arbeid.


André monterer siste bolten på girkassa.


Slik såg det ut før vi løfta det inn, blankt og fint.


Stig låg under og styrte på plass mellomakselen og festa traversen, Rune og André stod oppe og sjekka klaring framme, bak og på sidene.


Det bei endel skubba fram og tilbake for å entre boltane. Eg hadde enklaste jobben med å styre jekken.


No er den endelig på plass!


Her har vi fått på vannpumpe, diverse reimhjul m.m.


Her er frå nokre dagar seinare med godt med besøk i garasja. Høgre skjerm blei montert i tillegg til mykje av det elektriske.


Sånn blei det sjåande ut når alt var på plass. Bildet er tatt rett etter oppstart.


Eg er fornøgd med korleis motorommet blei til slutt. Mykje arbeid, men det var verdt det. Det kromma dekselet over radiatoren skal byttast i eit svart eit.


På skjermkantane ser ein blåfargen som bilen skal få etter kvart.


Her er den ute for første gong i år. Den er fredeles litt høg framme men det skal eg fikse etter kvart. Det kom seg litt når vi fikk på støtfangaren.


Det hadde passa noko bedre om første turen kom i April i staden for Oktober...

 


07.11.07