Motor del II

No er motoren ferdig montert og lakkert. Det gikk selfølgelig ikkje smertefritt, for når eg hadde fått på toppane og bunnpanna gikk motoren ikkje rundt igjen. Eg blei so deprimert og forbanna at eg kasta frå meg verktøyet og forlot garasja umiddelbart, satte meg i stresslessen og prøvde å tenke igjennom når eg sist roteerte veiva. Etter ei stond kom heldigvis Kjetil innom ein tur og eg fikk med han ut i garsja igjen for å finne ut kva som var gale. Det hørtest ut som om motoren stoppa i toppen på venstre side. Vi løfta av toppen, men fann fort at det ikkje var der, motoren gikk fotsatt ikkje rundt. Etter at vi hadde satt på igjen toppen var det registert og kammen som måtte av, men her var også alt ok. Til slutt tok eg av bunnpanna, og her fann eg heldigvis feilen. Rett under der bunnpanna ligg imot blokka tok to av rådene borti bunnpanna, det viste små blanke merker der dei tok borti. Etter nokre velretta slag med kulehammar monterte eg på igjen bunnpanna og eg var litt spent, men no snurra den lett og fint, puh. Motoren var no klar til lakkering og etter å ha leita ei stond i lakkatalogar fann eg ein farge som likna veldig på det eg skulle ha. Det er ikkje ein GM farge, men frå eit Italiensk merke med heller frynsete rykte. Eg grunna den først med tokomponent grunning og lakka deretter med fleire strøk. André kom og la på eit par strøk til slutt. Eg blei i grunn veldig fornøgd, motoren lyser skikkelig opp der den står. Når eg no har montert på svingningsdempar, vannpumpe, bensinpumpe, innsug og toppdeksle ser den VELDIG bra ut. Det er nesten litt gale at den skal skjulast i eit motorrom. Gearkassa vaska eg skikkelig med diverse sterke stoff før eg lakka den med sølv felglakk. Den blei kanskje vel lys i fargen , men det er godkjent.


Eg al på ei tokomponent epoxygrunning først


Deretter la eg på fleire lag med orange.


André kom å la på siste strøka.


Toppdeksla lånte eg av Vidar Ervik som enkel maskering.


Den ser enda bedre ut i lyset i garasja.


Eg kjøpte Competition Pro Magnum rullevipper.


No begynner den å sjå fin ut.


Klar til å bli montert på plassen sin.

 


03.10.07