Motor og gear

Eg er no godt i gong med å montere motoren. Etter at eg var ferdig å demontere den og hadde tatt alle mål bestemte eg meg for å kjøpe eit strokerkit i staden for å slipe veiva. Den var ikkje heilt utslitt, men måtte slipast, og med prisen for ei sliping bestemte eg meg for å bytte den. Stempla var også slitne, og sylindrane burde borast. Dette betydda at kun rådane var ok og då var det like godt å stroke den når eg først var i gong. Lars på Sarpsborg Motor gav meg ein god pris på eit Eagle strokerkit som med 060 boring gir 496 cid. Med ein god kam bør dette gi ein sterk motor med både høgt deiemoment og bra med hestar. Eg var lenge i tvil om valg av kam, men endte til slutt opp med ein Competition 288° hydraulisk roller. Eg kjøpte eit komplett kamkit med kam, løftarar, støtstenger, fjører, retainere, tetningar og register. Det gikk ganske lenge før eg fikk strokerkittet p.g.a. at dei mangla stempel, som er smidde SRP. Når delane kom til Sarpsborg sendte eg blokka til Sarpsborg Motorverksted som vaska og bora blokka. Når dette var gjort vart alt sendt samla oppigjen i lag med delar til overhaling av gearkassa med Bøstrand Transport. Det første eg gjorde når alt var på plass var å demontere gearkassa og sette inn shiftkit og bytta alle lamellar til ein sterkare type. I tillegg bytta eg alle o-ringar og pakningar. Shiftkittet er eit frå Trans-Go som eg er veldig fornøgd med. Det følgde med ein god beskrivelse for korleis ein skulle gjer det, og ein kan velge mellom 4 trinn frå towtruck til fullt race shift. Eg valgte noko midt i mellom. Før eg begynte kjøpte eg meg ei god bok om overhaling og modifisering av th400 og eg hadde ikkje greid det utan denne. Når eg var ferdig med gearkassa begynte eg på motoren. Etter at veiva var i satte eg inn stempla og begynte framme og joba meg bakover. Det neste var kammen, og det gikk greit, men når eg skulle ha på registeret var det bråstopp... Når eg skulle snurre veiva for å tilpasse det med kammen gikk ikkje veiva rundt. Eg kom då på at det var første gongen eg hadde prøvd å snurre veiva 360 grader, men den gikk berre neste rundt. Etter litt banning og hjelp frå Knut Marius såg vi at dei to bakerste rådane tok borti sylinderskjørtet. Då var det berre å pelle alt ut igjen og begynde å slipe. Knut hadde ein fres som gjorde at det var fort gjort. eg slipte ca 2mm nede på alle sylindreane der råda passerer. Når dette var gjort var det berre å begynde å montere igjen, jævli kjedelig med alt som må gjerast fleire gongar... To dagar etter at eg oppdaga feilen var stempla inne igjen og kammen, registeret og registerdekselet på plass. No er ventilane og ventilseta slipte (Takk til Ole Martin Ytrestøyl) og eg skulle til å montere toppane når eg oppdaga at ventiltetningane ikkje passa på ventilstyringa. Etter eit kjapt søk på internett fann eg ut at med desse tetningane måtte eg frese av toppen på styringa for å få på tetninga. Eg ringde til Lars på SarpsborgMotor igjen, men han kunne dessverre ikkje hjelpe meg. Ventilfjørene eg har er triple og det er derfor ikkje plass til vanlege tetningar mellom styringa og den innerste fjøra. Eg har no bestillt fres frå Summit i lag med diverse andre deler eg trengte og eg får ikkje gjort noko før eg har den.


André hjelpte meg med å ta av toppane. For å løyse boltane måtte vi ha lang forlengar, og eg sprengte to piper, men dei måtte gi seg til slutt.


Tunge svin... Trur det blir alu på sikt ja.




Det var originalstempla som stod i motoren.


Registeret såg greit ut og var sikkert bytta når kammen var satt inn.


Det stod ein Cranekam i motoren. Eg søkte på internett og fant ut at det var ein slapp sak som var meint for bubilar og liknande.


Det var ein heil jobb å fjerne all malinga på blokka og toppane, men no er dei klare for ny orange lakk.


No er Eagle strokerveiva i, ein kvart tomme meir i slag dvs. 4.25".


Det ser lekkert ut. Det var no eg fann ut at ting ikkje var som det skulle, nokre av rådane tok borti blokka. Det var erre å pelle sunt igjen, fryktelig irriterande...


Her ser ein kvar rådane traff sylindrane og eg slipte ned dette området ca 2mm


Her er veiv, råder og stempler montert for andre gong, og eg har også fått inn kam og register.


Her er kamkittet med alt som trengs for å bytte til hydraulisk rollerkam.


Sverre Ola Rotevatn glasblåste innsuget mitt og det ser no nesten nytt ut.


Her er pumpa på gearkassa før eg delte den


Sånn ser pumpa ut innvendig. Det er første gongen eg åpnar ei gearkasse so det var litt spennandeå gjere noke nytt.


Når eg studerte delane såg eg at eit lager i pumpa var defekt. Sarpsborg Motor hadde dette og nye tannhjul (som er sjølve pumpa) på lager slik at eg fikk bytta det.


Her er dei nye clutchane montert inn i huset. Det er tre slike clutch-hus, eit for kvar framovergear.


No er alt klart for å montere inn igjen i gearkassa. Vi plagast litt med det og måtte gjere det 2-3 gongar før alt entra seg korrekt.

 


05.08.07