Motorrommet del IV

No er endelig torpedoveggen lakka i rette nyansen, første gangen blei den alt for blank. Eg bestemte meg fort for å prøve ein gong til med ny lakk, den første som blei brukt var med 50% mattningsmiddel men muligens på grunn av at den var litt gammal har det skjedd eit eller anna slik at den no var nærmast heilt blank. Eg kjøpt ny lakk av Ole-Johnny Bratteberg og Trond Heltne lakka på nytt, og denne gongen blei det sånn eg ville ha det. Eg har også fått tilbake alle delar som skulle pulverlakkast og dei vart utrulig bra. Eg fikk 5 forskjellige nyansar av svart å velge i mellom, og eg valgt den nest mattaste. Allereide dagen etter at eg fikk dei tilbake monterte eg og André dei på bilen. Det er kjekt å endelig få begynde å montere i sammen igjen etter all demontering, pussing, sliping og lakking. Blokka er sendt til boring i Sarpsborg, men eg ventar fremdeles på strokerkittet eg bestillte i Mars. Eg håpar det kjem snart slik at eg får begynde å montere motoren.


Her har Trond Heltne begynt å grunne torpedoveggen


Her er det varmeapparatet som får eit strøk


Det er kjekt med nylakka deler, berre synd at det blei alt for blankt slik at vi
måtte matte ned igjen og lakke på nytt med meir mattningsmiddel.


Her er alt lakka på nytt og det blei so matt som eg ville ha det.


Viskarmotoren fikk også eit støk med lakk.


Styresnekka er ny, med moderne innmat og raskare utveksling.


Innerskjermar, radiatorsupport og alle delar rundt blei sendt til pulverlakkering
og resultatet blei veldig bra! Kjekt å montere når det blir so bra.


Headersane blei sandbåst og lakka sølvfarga med varmelakk.


Det neste som skal på no er skjermane, men først må eg lakke litt på dei.

 


13.05.07