Ferdig med demonteringa

No er eg ferdig å demontere fronten, og motoren og gear er også ute. Eg, Rune Barstad og André Nilsvik brukte eit par timar på tirsdagskvelden, og plutselig var motoren ute. Det er mykje enklare når alt rundt motoren er vekk, alle skruar er lett tilgjengelige og dert er lettare å sjå ka so henge når ein løftar ut motoren. Eg valgte å ta ut motor og gear i eit sidan gearkassa må ut likavel. Den lekker som en sil so det skal bli kjekt å få den tett. Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal gjere meir med den når eg først har den ute, shiftkit, lamellar e.l. Når eg har fått motoren opp i motorstativet skal eg først ta av toppane for å sjå om ventilane er ok og om der er slitekant i sylindrane. Kam, løftarar og register skal eg skifte uansett. Før eg kjem so longt skal eg ta ei skikkeleg reingjering/avfetting av torpedoveggen før eg lakkar den svart silkematt. Dei delane av ramma framom torpedoveggen som eg ikkje mala i fjor, blir slipt reint og behandla med Owatrol før eg malar det med Arcanol og Bengalakk. Då trur eg det skal halde i monge år.


Stort sett alt som er rødt på bildet skal bli svart


Radiatorsupporten skal pulverlakkerast.


No er det berre å løfte ut motoren so er eg ferdig med demonteringa


Her er beviset på at det er originalmotoren, motornummeret stemmer med
chassisnummeret (Matching numbers).


Her er originalfargen, og sånn blir heile bilen til slutt...


Motor og gear er endelig ute.


Det ser ikkje bra ut no men...


med litt (eller mykje) vasking, sliping og lakking skal det bli bra!


Deler av ramma skal slipast og malast svart igjen.


Her er godklumpen, 454 cid big block og th400 gearkasse.


Eg har kjøpt meg pulverlakkapparat, og her er resultatet, Kjempe!


Etter at pulveret er på må delane "steikast" på 200 gr i 20-30 min.


Og her er resultatet, steikje fine dela :-)


25.01.07